Om oss

Fitjar Sjø og Camping har endra namn til Kråko Gjestetun! Det nye namnet reflekterer det vi eigentleg driv med:

Vi tek godt imot gjestene som kjem inn på tunet. Vi tilbyr god mat og drikke, til arrangement på staden eller catering til selskap heime.

Her kan du også bu godt i campingvogn, bobil eller telt, eller i våre utleigerom og -leilighet. Kråko Gjestetun ligg i nordenden av Kråko Sjøhytteområde, med rike høve til turar, fiske og rekreasjon. Velkommen som gjest hos oss!

Kråko Gjestetun har kort avstand frå E39, Sandvikvåg ferjekai og Fitjar sentrum. Vi har plass til bobil, campingvogn og telt. 

Vi ligg i nordenden av Kråko Sjøhytteområde, vestlandets mest innhaldsrike sjøhytteområde. Vi driv også kafé i Kråko Sjøhytteområde, den heiter PS Bryggekafé. Program og opningstider for kaféen finn du HER

Personvern

Ved å fortsette å bruke nettsida vår samtykker du i vår personvernerklæring. Vi tar personvern alvorleg. Vi gjer vårt beste for å følge alle lover og reglar.

Det var den korte versjonen. Vil du lese heile den detaljerte personvernerklæringa vår, finn du den HER